John Scott Haldane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Scott Haldane
John Scott Haldane 1910.jpg
Fødd 3. mai 1860
Edinburgh
Død

15. mars 1936
Oxford

John Scott Haldane (18601936) var ein skotsk lækjar og vitskapsmann som var ein autoritet på lungesjukdomar hjå industriarbeidarar.

Mykje av det vitskapen i dag veit om kor mykje menneskekroppen toler av ekstreme påkjenningar, kan vi takka den ekstremt eksentriske John Scott Haldane og sonen hans, biologen J. B. S. Haldane, for.

John Scott Haldane var førelesar ved universitetet i Oxford, der han forska på effekten av trykkendringar på det respiratoriske systemet hjå mennesket. Han var den første til å rekna ut reglane for trygg oppstiging for dykkarar. Han studerte òg høgdesjuke hjå fjellklatrarar og heteslag i ørkenstrok.

Haldane hadde ei spesiell interesse for effekten giftige gassar kan ha på menneske. For å finna ut nøyaktig korleis karbonmonoksid kunne ta livet av gruvearbeidarar, forgifta han seg sjølv systematisk, tok jamnlege blodprøver, og noterte nøye korleis han opplevde det. Først då han nesten ikkje hadde nokon muskelkontroll att og hadde eit nær dødeleg blodmetningsnivå, avbraut han eksperimentet.

Sonen hadde dei same interessene, og dei eksperimenterte ofte på kvarandre og målte kor lang tid det tok før dei svima av av ulike gassar.