Johnny Spillane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johnny Spillane


Statsborgarskap USA
Fødd 24. november 1980 (43 år)
Steamboat Springs
Idrett kombinert, skihopping
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2002, Kombinert under Vinter-OL 2010 – Normalbakke, Kombinert under Vinter-OL 2010 – Stor bakke, Kombinert under Vinter-OL 2010 – Lag

Johnny Spillane (fødd 24. november 1980) er ein USA-amerikansk tidlegare kombinertrennar frå Steamboat Springs i Colorado som vart verdsmeister i 2003 og tok tre sølvmedaljar under Vinter-OL 2010.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Johnny Spillane i 2004

Spillane tok steget opp i verdseliten med tre pallplassar i Trondheim i dagane 6. til 8. desember 2002; ein andreplass og to tredjeplassar. Det kom likevel overraskande at han skulle kome til å vinne gullmedalja i halvprogrammet under Ski-VM 2003 i Val di Fiemme.

I byrjinga av desember 2004 tok Spillane for fjerde gong steget opp på sigerspallen, og atter ein gong i Trondheim. Deretter gjekk det tre år før han i finske Kuusamo vart nummer to då Ronny Ackermann vann eit verdscuprenn i normalprogram.

Den 3. januar 2010 vann Spillane verdscuptevlinga i Oberhof, hans einaste verdscuptriumf. Under dei olympiske vinterleikane i Vancouver vinteren 2010 imponerte Spillane i alle tre øvingane. Det tok til med at han vart nummer to i spurten på 10 km etter hopprennet i normalbakken, 0,4 sekundar bak vinnaren Jason Lamy Chappuis. Deretter gjekk han den tredje etappen på Canada sitt lag i kombinertstafetten, eit lag som tok sølvmedalja, vel fem skundar bak Austerrike. Spillane avslutta med enno eit sølv då landsmannen Bill Demong sigra i langrennet etter hopping i storbakken, fire sekundar skilde dei to US-amerkanarane.

Spillane la opp etter 2013-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]