Jokkmokk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 66°36′20.102″N 19°49′14.552″E

Jokkmokks «nye» kyrkje

Jokkmokk (finsk Jokimukka, lulesamisk Jåhkåmåhkke, nordsamisk Johkamohkki, meänkieli Jokinmukka) er ein svensk tettstad som ligg i Norrbottens län, og i landskapet Lappland. Han er administrasjonssenteret i Jokkmokks kommun og i år 2005 hadde tettstaden 2 976 innbyggjarar. Namnet er samisk og tyder «elvesving».

Jokkmokk er kjend for det årlege Jokkmokks marknad, som har vorte halde kvart år sidan 1605.

Jokkmokks kommune og tettstaden Jokkmokk ligg nordvest i Sverige

Jokkmokk ligg ved E45 like nord for polarsirkelen. Kommunen er den nest største kommunen etter Kiruna. Kommunen grenser mot Noreg i vest.

Jokkmokk er kjend for «Jokkmokks marknad», som feira 400-års jubileum i 2005, og for rolla si som ein sentral samisk samlingsplass. I Jokkmokk finst mellom anna fjellmuseet Ájtte og fleire kunst- og handverksbutikkar. Det er òg kjend som ein viktig kultursted.

Jokkmokk har eit rikt samskipnadsliv og idrettsaktivitet i forhold til folketalet.

Namnet Jokkmokk er ein forsvenskning av dei samiske ordene for «elv» og «krok». Jokkmokk har ved sidan av svenskar ein stor samisk folkesetnad, men særs lite av dei finsktalende gruppene som finst i Tornedalen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jokkmokk