Jon Andrå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon Andrå
Fødd12. januar 1888
Drøbak
Død15. oktober 1966
NasjonalitetNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, redaktør

Jon Andrå (12. januar 188815. oktober 1966) var ein norsk skulemann og politikar for Arbeidarpartiet.

Andrå var frå Drøbak, der far hans var skulestyrar. I unge år arbeidde Andrå ei tid som agent i livsforsikring.[1] Han utdanna seg til lærar i Holmestrand, tok eksamen i 1914. Etter eit år som lærar på Tolga i Hedmark, var han lærar ved folkeskulen i Vardø frå 1916 til -33. I denne perioden var han eit års tid, 1919-20, i tillegg redaktør av avisa Finnmarken. Frå 1933 til 1948 var han styrar av Vardø folkeskule.

Andrå var ordførar i Vardø frå 1925 til 1930. Ved stortingsvalet hausten 1930 vart han vald inn på Stortinget for kjøpstadene i Nordland, Troms og Finnmark (Bodø, Hammerfest, Narvik, Tromsø, Vadsø, Vardø). Han vart attvald ved dei tre neste stortingvala og representerte altså Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1931 til 1949. Bolken 1946-50 var han ein av riksrevisorane.

Andrå var skuledirektør i Nordland frå 1948 til -58. Han vart tildelt Kongens fortenstmedalje i gull då han forlet direktørstillinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 1910