Vardø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vardø
By
Vardoe Domen.jpg
Vardø
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Vardø
Areal 1,19 km²
Folketal 1 875 (2017)
Folketettleik 1 576 / km²
Postnummer 9950 VARDØ
Innbyggjarnamn vardøværing
Wikimedia Commons: Vardø (town)

Vardø (av varg + øy – «ulveøya»), nordsamisk Várggát, kvensk Vuorea, er ein by i Vardø kommune i Finnmark. Byen ligg på den 3,7 km² store Vardøya utanfor austkysten av Varangerhalvøya. Innbyggjartalet er om lag 1900, som utgjer om lag 89 % av innbyggjartalet i kommunen. Vardø er den austlegaste tettstaden i Noreg. Saman med Hammerfest er han den eldste byen i Nord-Noreg. Begge fekk bystatus i 1789. Vardø er òg kjend som Pomorhovudstaden sidan byen på 1800-talet var eit sentrum for handel med Russland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er usikkert "når kongen bygde den første festningen her nord i isødet, men trolig var det på starten av 1300-tallet", skreiv media.[1]

Busetjinga i Vardø går heilt tilbake til då kong Håkon V Magnusson (1299-1319) bygde ei borg, seinare Vardøhus festning, som skulle forsvara Noreg sine interesser i området. På fjellet Domen vest for det 1,7 km breie Bussesundet som skil Vardøya frå fastlandet, var det på 1600-talet ei rekkje hekseprosessar der totalt 88 menneske blei dømde til døden og avretta. Venuspassasjen i 1769 blei observert frå Valen, eidet som bind vestre og austre del av Vardøya saman. Dette var viktig for berekninga av avstanden mellom jorda og sola.

Samferdsel og kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Vardø.jpg
Vardø kommune

Vardøya er knytt til Europaveg 75 gjennom den 2892 meter lange Vardøtunnelen under Bussesundet. Tunnelen, som blei teken i bruk 22. desember 1983 og offisielt opna av kong Olav V den 16. august 1984, var den første undersjøiske tunnelen i Noreg.

  1. https://www.nrk.no/finnmark/ruster-til-kamp-om-1000-ar-gammelt-navn-1.13750738 . Vitja 2018-06-13