Jonas Øglænd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jonas Øglænd A/S, på Sandnes, var gjennom heile 1900-talet den leiande sykkel-, motorsykkel- og moped-produsent i Noreg. Øglænd er mellom anna kjent kjend for sykkelmerket DBS og motorsykkel- og moped-merket Tempo.

Firmaet vart stifta i 1868, av Jonas Christian Øglænd, som ein «assortert «landhandel».

Selskapet som er knytt til syklar vart grunnlagt av Jonas Øglænd i 1892 i Sandnes, under namnet Øglænd Cyklelager. I starten var det ein agent for den tyske produsenten Hengstberg, seinare òg for merket The World frå USA. Øglænd monterte sjølv syklane. Andre merke som Øglænd òg monterte var Fram og Viking. I 1906 opna Øglænd ein sykkelfabrikk i Langgata 6 i Sandnes, der selskapet produserte eigne syklar. I 1932 registrerte Øglænd varemerket DBS - Den beste sykkel. Merkenamnet Den Beste Sykkel (DBS) kom til etter ein namnekonkurranse der ein 12 år gammal gut kom med vinnarforslaget. I åra etter voks DBS, og i 1949 eksporterte dei sin første sykkel.

Jonas Øglænd starta motorsykkelproduksjon sist på 30-talet, noko dei heldt fram med i etterkrigstida. Dei selde både motorsyklar og mopedar under varemerket Tempo. Motorane kjøpte dei frå Fichtel & Sachs i Tyskland.

I 1989 vart firmaet kjøpt av Varner-gruppa, som selde sykkeldelen av firmaet til den svenske sykkelprodusenten Monark, ein del av Cycleurope-konsernet. Sykkelproduksjonen i Sandnes er no nedlagt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]