Jonas Christian Øglænd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jonas Christian Øglænd
Fødd 18. januar 1847
Død

6. oktober 1931

Jonas Christian Øglænd (18. januar 18478. oktober 1931) var ein norsk kjøpmann og industrigründer frå Sandnes. Han grunnla firmaet Jonas Øglænd AS i 1868 og lanserte sykkelmerket Den Beste Sykkel (DBS) i 1932.

Jonas Øglænd var fødd på Auglend på Høyland i noverande Sandnes kommune som son av bonden og læraren Jakob Gabrielsen Øglænd (1800–85) og Ingeborg Malene Svendsdatter Skjelbrei (1804–73). Han var yngst av 10 sysken. Som liten tenestegjorde han som gjetargut. Etter konfirmasjonen arbeidde han ei tid for eldre brør som var handelsmenn på Sandnes før han blei lærling hjå handelsmannen Henrik Svendsen i Stavanger. 19 år gammal starta han si eiga verksemd på kaia i Sandnes. Han nytta først handelsbrevet til ein eldre bror og deretter ei eldre syster. 23. september 1868 fekk han handelsbrev i sitt eige namn.

Tidleg på 1870-talet kjøpte Øglænd ei tomt i Krossen ved Sandnes, på møtestaden for tre hovudvegar. Her dreiv han detaljhandel med kolonialvarer, jernvarer, klede, sko, kjøkkenutstyr, mjøl og vin, og grossisthandel i landbruksvarer som han kunne få i betaling av bøndene frå Jæren. Den økonomiske krisa på 1880-talet var tung, men Øglænd kom seg gjennom utan å gå konkurs. Han tok inn nye varer som kraftfôr, kunstgjødsel og reinska såkorn som var på veg inn i landbruket, og frå 1890-talet byrja verksemda også å selja syklar.

I 1892 vart Øglænd Cyklelager i Sandnes agent for tyske Hengstberg syklar. Nokre år seinare fekk Øglænd Cyklelager òg agentur for amerikanske The World. I tillegg monterte han eigne syklar under varemerka Fram og Viking. I 1906 stod den første sykkelfabrikken ferdig på Sandnes, og Øglænd sin eigen sykkelproduksjon starta. Ein ny og større fabrikkbygning blei bygd i 1911 og utvida med tilbygg i 1913. Medan «The World» blei brukt som namn på produktet i fleire år, blei namnet endra til navnet D.B.S. – kort for «Den beste sykkel» – kort tid etter at Øglænd døydde, i 1932.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Wiig, Jan. «Jonas Øglænd» (13. februar 2009). I Norsk biografisk leksikon. Henta 3. september 2015.
Spire Denne økonomiartikkelen som har med Rogaland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.