Jonas Peson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jonas Peson
Fødd 31. januar 1887
Helsingfors
Død

18. desember 1952

Yrke kunstmålar
I fleire kyrkjer Peson dekorerte, dekte han store flater med bildeforteljingar frå Bibelen. Her frå Vartdal kyrkje som han dekorerte i 1938

Johan Alfred Pettersson, kjend under namnet Jonas Peson (31. januar 188718. desember 1952) var ein finsk-norsk målar. Han vart fødd i Helsingfors i Finnland. Han studerte ved den Finske Konstföreningens Ritskola frå 1908 til 1911. I 1910 debuterte han på Konstföreningens vårutstilling. Etter eit opphald i Danmark, kom han til Noreg i 1916. I 1923 vart han norsk statsborgar. Samstundes vart Jonas Peson offisielt namn. Han slo seg etter kvart ned i Ålesund.

Peson sin målarstil har vorte kalla fargefrisk, forenkla naturalisme. [1] Han fann mange motiv i Ålesund og distriktet rundt. Han måla særleg mange bilde frå hamneområdet i Ålesund. I tillegg til salsutstillingar, og måleri han elles selde, arbeidde Peson mykje md dekorasjonsmåling. Frå 1936 måla han altartavler og bilete i koret i fleire kyrkjer. Han måla scenedekorasjonar i meir enn 20 ungdomshus på Sunnmøre. I Ålesund dreiv Peson ein omtykt målarskule.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Harald Grytten: Jonas Peson maleren. Nytt i Ukas Forlag 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. H. Grytten s. 30