Vartdal kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°19′24″N 6°09′06″E

Vartdal kyrkje
kyrkje
Vartdalkyrkje2.jpg

Foto: Andreasv

Sokn Vartdal
Stad Nordre Vartdal
Type langkyrkje
Arkitekt Wilhelm von Hanno og Heinrich Ernst Schirmer
Material tre
Innvigd 8. april 1877
 - Endringar Restaurert 1964
Kyrkjegard ved kyrkja
Sitjeplassar 360
Wikimedia Commons: Vartdal kyrkje

Vartdal kyrkje er ei langkyrkje frå 1877 som står på Øyrneset på Nordre Vartdal i Ørsta kommune i Møre og Romsdal fylke.

Ei kyrkje eg minnest på verharde nes
der bårene bryt og stormane bles
ta hava og so ta landa.
Og eingong so flyttest ho og nokre fot,
Men sidan heve ho traust teke mot
då vart ho til berget banda.
Og soleis so skal ho standa

Monrad Norderval: «Vartdals kyrkja.» 1940.

Ho var bygd i 1876 og vigsla 8. april 1877 av Laurits Ottesen, prost i Søndre Søndmøre Provsti og sokneprest i Hjørundfjord. Teikningane av kyrkja er laga av Wilhelm von Hanno og Heinrich Ernst Schirmer. Dei vart utlånte frå Ørsta kyrkje (bygd 1864). Vartdal kyrkje er redusert i lengda i høve til den. Same teikningane er brukte til Hareid kyrkje, som vart bygd om lag samstundes. Ansvarleg under reisinga av kyrkja var byggmeister Knut L. Stokkeland frå Vestnes i Romsdal.

På grunn av stormskadar måtte kyrkja vølast, oppattrettast og forsterkast i 1879. Austre enden var flytta om lag ein halv meter på murane. I det høvet vart ho festa i store steinkar med jarnstenger opp mot rafta.

Vartdal kyrkje is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Vartdal kyrkje

Den nybygde kyrkja var sparsamt dekorert. Altartavla var ei enkel plate med ein gylt kross. Ho var måla av Jørgen Hurlen, som og måla preikestolen.

Ny altartavle vart måla av Lars Kinsarvik i 1907. Han måla eit bilete av Jesus i bøn. Bibelordet under biletet vart måla på nynorsk. Måleriet er ein reproduksjon av altartavla i Johanneskirken i Bergen, måla av Marcus Grønvold i 1894.[1]

I 1927 måla Johan Haddal preikestolen. Rosemåling med innfletta bibelske motiv. I 1938 prydmåla Jonas Peson mykje av kyrkja. Koret og heile austveggen vart dekorert med bibelske motiv i ein freskoinspirert stil. Midt bak altaret vart krossfestinga måla. Altartavla måla av Kinsarvik vart då flytta til sørveggen, der ho enno heng.

Vartdal kyrkje fekk orgel i 1914. Det vart bygt og montert av orgelbyggjar Torkildsen frå Levanger. Ein belgdragar måtte syte for luft til orgelet. Nytt orgel frå Vestre orgelfabrikk, Haramsøy, vart montert i 1961. Det vart etter kvart dårleg, og atter nytt orgel (bygd av Dietrich Johannes Buder) vart vigsla 19. april 2015.[2][3]

Kyrkjegarden ligg ved kyrkja. Han har vorte utvida 4 gonger sidan kyrkja var ny.

I 1976 vart våpenhuset og inngangen endra. Det vart tilbygt garderobe og sanitæranlegg. Inngangen var flytt mot sør. Etter at sjøen under ekstremvêret Dagmar grov vekk mykje av bakken inn mot kyrkjegarden, vart det reist ein vernemur i 2013.

Første preika på nynorsk i Vartdal kyrkje heldt Anders Hovden jula 1890. Nynorsk liturgi vart teken i bruk i 1912. Til femtiårs-jubileet i 1927 vart Nynorsk salmebok teken i bruk.

Andre kyrkjer i Ørsta[endre | endre wikiteksten]

Bilete frå Vartdal kyrkje[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Vartdalssoga bind II, III og IV.
  • kultunett.no
  • Lidén, Hans Emil og Magerøy, Ellen Marie; Norges Kirker, Bergen bind II, s.230–237, Oslo 1983, ISBN 82-05-14299-8

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lidén, Magerøy ; Norges Kirker, Oslo 1983
  2. Sunnmørsposten
  3. Ørsta kyrkjelege fellesråd

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]