Jonassen Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 63°33′ S 56°41′ W
Jonassen Island
øy
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Koordinatar 63°33′ S 56°41′ W
Nordlege Graham Land og kringliggande øya. Jonassen Island er merka som 14
Nordlege Graham Land og kringliggande øya. Jonassen Island er merka som 14
Jonassen Island is located in Antarktis
Jonassen Island (Antarktis)

Jonassen Island er ei av fleire øyar i Antarktis kring halvøya Graham Land, som ligg nærmare til Sør-Amerika enn nokon annan del av kontinentet.[1]

Ho er sagt å vere særleg klipperik og er 4 km lang. Ho ligg nord for Andersson Island.

Ho vart først kalla Irizar Island av Otto Nordenskiöld til ære for den argentinske kapteinen på skipet «Uruguay» som redda Den svenske antarktiskekspedisjonen i 1903 etter skipet deira «Antarctic» vart knust av isen. Eit år seinare, vart ei anna øy i Antarktis kalla opp etter Irizar og sidan ho var ei større øy, vart denne mindre øya kalla opp etter Ole Jonassen, som var med Nordenskiöld on på dei to store hundesledeturane hans i 1902-3.[2]

Det er mykje bøylepingvinar og taremåsar på øya. Begge artar ynglar på øya.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ESA Science & Technology: Graham Land
  2. 2,0 2,1 Oceanites