Bøylepingvin
| Bøylepingvin | |
Bøylepingvin | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av Bøylepingvin | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Sphenisciformes |
| Familie: | Pingvinar Spheniscidae |
| Slekt: | Pygoscelis |
| Art: | Bøylepingvin P. papua |
| Vitskapleg namn | |
| Pygoscelis papua | |
Bøylepingvin, tidlegare eselpingvin,[1] er ein pingvin kjenneteikna av ei brei kvit stripe på toppen av hovudet og eit sterkt oransjefarga nebb. Bøylepingvinen er den raskaste undervassymjaren blant pingvinane, og kan kan dukke ned mot 130 meter.[2] Han er den tredje største pingvinarten, etter keisar- og kongepingvin. Saman med adeliepingvin og ringpingvin utgjer bøylepingvinen slekta Pygoscelis.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]
Hannar kan ha ei toppvekt på rundt 8,5 kg like før myting og heilt ned til 4,9 kg like før paringstida. Hoene kan ha ei toppvekt på 8,2 og nå heilt ned til 4,5 medan dei passar reira. Nordlege populasjonar er gjerne høgare og tyngre enn dei som lever lengre sør.
Bøylepingvinar har nokså lang stjert, den tydelegaste blant pingvinar. Dei er elles svart- og kvitfarga som andre pingvinar. Baksida og hovudet er svarte, men dei har kvite merke over kvart auge som hjå mange kan rekka over heile hovudet. Symjeføtene er lyserosa medan nebbet er oransje.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]
Bøylepingvinen er skildra som ein art med sirkumpolar hekkeutbreiing. Hekkeutbreiinga er konsentrert langs vestlege Antarktishalvøya, og øyar nordover til Falklandsøyane som har den største hekkekolonien på over 130 000 hekkande par (2020). Saman med øyane i sørlegaste Atlanterhavet slik som Sør-Georgia, har dette området 85 % av alle hekkefuglar. Dei andre hekkepopulasjonane finst i sørlege Indiahavet, ein annan populasjon på 3800 par hekkar på Macquarieøya i sørvestlege Stillehavet (2020). Eit estimat frå 2020 rekna med at det fanst totalt rundt 432 000 hekkande par og trenden var aukande.[3] IUCN gjev eit estimat på 774 000 modne individ per 2019 med stabil trend.[4]
Levesett
[endre | endre wikiteksten]Bøylepingvinane hekkar i koloniar. Dei lagar rundlege reir av småstein og gras. Reira kan vera opptil 20 cm høge og ha ein diameter på 25 cm. Steinane er høgt verdsette eigedelar som kan føra til høglytte kranglar eller gjentenester, om ei ho får ein særleg god stien av ein hann.
I reira legg pingvinane to egg. Begge foreldra rugar egga i 34-36 dagar, til dei klekker. Ungane blir verande i reira i rundt 30 dagar, og blir deretter passa på i grupper. Når dei er rundt 80-100 dagar gamle, er dei klare til å symja i sjøen.

Bøylepingvin er den raskaste undervassymjaren av alle pingvinar, og kan nå ein fart på 36 km/t.[5] Vanlegvis dukkar dei til djupner på under 54 meter, men kan gå ned til 134 meter når dei jagar fisk.[2] Pingvinane lever på småfisk og kril.
Rovdyr som sjøløve, leopardsel og spekkhoggar kan ta bøylepingvinar i sjøen. Vaksne pingvinar har ingen trugsmål på land, men egg og ungar kan bli stolne av større fuglar som joar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Pingviner. Oslo: Gyldendal undervisning. 2000. s. 20. ISBN 8205270104.
- 1 2 Martínez, I.; Christie, D. A.; Jutglar, F.; Garcia, E.; Sharpe, C. J. (2020). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E., red. «Gentoo Penguin (Pygoscelis papua), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.genpen1.01.
- ↑ Herman, R., Borowicz, A., Lynch, M.; et al. (2020). «Update on the global abundance and distribution of breeding Gentoo Penguins (Pygoscelis papua)». Polar Biology (Springer) 43: 1947––1956. doi:10.1007/s00300-020-02759-3.
- ↑ BirdLife International (2020). «Pygoscelis papua». IUCN Red List of Threatened Species 2020. doi:10.2305/IUCN.UK.2020-3.RLTS.T22697755A157664581.en. Henta 30. mai 2026.
- ↑ «Gentoo penguin». BBC Nature. Arkivert frå originalen 5. februar 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Gentoo Penguin» frå Wikipedia på engelsk, og «Åsnepingvin» frå Wikipedia på svensk den 11. januar 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Bøylepingvin hos Artsdatabanken
- (en) Bøylepingvin – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Bøylepingvin i Catalogue of Life
- (en) Bøylepingvin i Encyclopedia of Life
- (en) Bøylepingvin i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Bøylepingvin hos Fossilworks
- (en) Bøylepingvin hos ITIS
- (en) Bøylepingvin hos NCBI
- (en) Kategori:Pygoscelis papua – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Pygoscelis papua – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Pygoscelis papua – detaljert informasjon på Wikispecies