Jonstorp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 56°14′8.5848″N 12°40′24.298″E

Jonstorp

Jonstorp er ein tettstad i Höganäs kommun i Skåne län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 1 771 innbyggjarar.

Svenska Turistföreningen driv ein vandrarheim i eit hus som tidlegare var heim for døve og blinde.

Jonstorp ligg ved breidda av Skälderviken. Den 6. juni kvart år arrangerer det lokale bygdelaget Jonstorpsdagen. Om sommaren blir det arrangert òg Kullamarknaden med tivoli. Mellom 1999 og 2008 blei det kvart år i juli arrangert ein stor musikk- og kulturfestival, Tipifesten her. Bak arrangementet stod Luna Musikförening, ein ideell samskipnad med sete i Jonstorp.

Skodespelaren Edvard Persson budde i Rekekroken utanfor Jonstorp frå 1950 fram til han døydde og ligg gravlagd på Jonstorps kyrkjegård.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]