Jordbro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°8′38.026″N 18°7′56.093″E Jordbro er ein tettstad i Haninge kommun i Stockholms län i landskapet Södermanland i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 9 316 innbyggjarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Midt i Jordbro ligg det ein jernbanestasjonNynäsbanan som deler Jordbro i retninga nord/sør.

I det sentrale Jordbro ligg det ein del bustadblokker, hovudsakleg bygd på 1960- og 70-talet. Nord og sør for sentrum ligg det nokre yngre villaområde. Aust for bustadområdet passerer veg 73, som går mellom Stockholm og Nynäshamn.

Vest for jernbanen ligg det eit relativt stort industriområde, Jordbro företagspark, med fleire lager- og industrilokale av varierande storleik. Mellom anna er det hovedkontor og produksjonsanlegg for Coca-Cola samt distribusjonslager for Dagab, Lagena, Osram og Åhléns.

Service[endre | endre wikiteksten]

I Jordbro sentrum (cirka 300 meter aust for stasjonen) er det eit helsesenter, tannlegevakt, apotek, to matbutikkar og fleire småforretningar, eit par kaféer/restaurantar og eit bibliotek.

Historie og kultur[endre | endre wikiteksten]

Regissøren Rainer Hartleb følgde i over 30 år livet i fleire familier i Jordbro. Arbeidet resulterte i fleire dokumentarfilmar, til dømes Från en barndomsvärld (1974) og En pizza i Jordbro (1994) somvann ein Guldbagge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jordbro