Jostein Budal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jostein Budal
Fødd 10. november 1929
Død

29. mai 2013

Yrke språkforskar

Jostein Budal (fødd 10. november 1929 på Karmøy, død 29. mai 2013)[1][2][3][4] var ein norsk tannlækjar og språkforskar. Han arbeidde fleire år som misjonstannlækjar i Kamerun. Der arbeidde han også med omsetjingsarbeid og språklege spørsmål. Ved å læra tonespråket mbum, meinte han å oppdaga at norsk òg er eit ekte tonespråk. Det fekk han til å arbeida med norsk som tonespråk. Det meste av språkarbeidet hans var knytt til språket fulfulde. I Noreg er han kjend for å ha presentert ein teori om tone i norsk, teorien om norsk som eit symmetrisk tonespråk. Denne teorien presenterte med ei bok på Unipub forlag, og på ulike vitskaplege konferansar om prosodi.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jostein Budal (1979). Menneske i Kamerun. Oslo: Luther Forlag. s. Vaskesettel/bakperm. ISBN 8253172818. 
  2. Haugesunds Avis 5. juni 2013, side 44
  3. Firda 7. juni 2013, side 30
  4. Gudbrandsdølen Dagningen 6. juni 2013, side 41

Lenkjer[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Abrahamsen, Jardar Eggesbø. 2006: «Jostein Budal: Fem tonar (2002) og A symmetrical tone language – Norwegian (2004)». Norsk Lingvistisk Tidsskrift 1/2006. Oslo: Novus. 81–104. [1]
  • Budal, Jostein 1969: "Norsk, eit symmetrisk tonespråk?" Norsk Tidsskrift for Sprogvidenskab 23, s. 97 – 113.
  • Budal, Jostein 2002: Norsk, eit symmetrisk tonespråk [http://www.symmetritonespraak.no/ Online tilgang via Internett (World Wide Web). Finst også i trykt utg. med tittel: Fem tonar
  • Budal, Jostein 2004: A symmetrical tone language - Norwegian. Unipub skriftserier.
  • Budal, Jostein 2007: Tonar i skandinaviske språk. Lesja: Jostein Budal
  • Budal, Jostein: «Debatt om ei bok», motsvar til Jardar Eggesbø Abrahamsen. På nettsida www.symmetritonespraak.no.