Juan Almonte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Juan Almonte
Juan Nepomuceno Almonte.jpg
Fødd 15. mai 1803
Michoacán
Død

21. mars 1869
Paris

Yrke general, politiker og diplomat
Verv President av Mexico
Periode 11. juli 1863-10. april 1864
Føregangar Félix María Zuloaga
Ektefelle Dolores Quesada
Juan Almonte på Commons

Juan Nepomuceno Almonte (15. mai 180321. mars 1869) var ein meksikansk general, politikar og diplomat. Han var regent eller president i Mexico under det andre keisardømet skipa av Napoleon III av Frankrike.

Almonte tok del i slaget ved Alamo og slaget ved San Jacinto under Texasrevolusjonen og i den meksikansk-amerikanske krigen. Han var ein tilhengjar av keisar Maximilian I, og var leiar for dei konservative i Mexico på 1860-talet, då han blei utnemnd til regent.

José María Morelos, far til Almonte.

Almonte var fødd i Nocupétaro i Carácuaro-distriktet i delstaten Michoacán. Han var son av José María Morelos, ein katolsk prest som leia opprørarar i den mexicanske sjølvstendekrigen frå 1811 ttil 1815, og Brígida Almonte.[1][2] I 1815 sende Morelos han til New Orleans i Louisiana, der han utdanna seg og lærte seg flytande engelsk.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Virginia Guedea, «José María Morelos» i Encyclopedia of Mexico, Chicago: Fitzroy Dearborn, 1997, s. 948.
  2. 2,0 2,1 Todish et al. (1998), p. 113.