Juan Perón

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Juan Perón

Statsborgarskap Argentina
Fødd 8. oktober 1895
Lobos
Død

1. juli 1974 (78 år)
Quinta presidencial de Olivos

Yrke offiser, politikar
Språk spansk
Politisk parti Partido Justicialista
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Mario Tomás Perón
Mor Juana Sosa Toledo
Ektefelle Aurelia Tizón, Eva Peron, Isabel Martínez de Perón
Juan Perón på Commons
Juan Perón 1946

Juan Domingo Perón, (8. oktober 18951. juli 1974) var ein argentinsk oberst og president i Argentina 19461955 og 19731974.

Juan Perón var fødd i Lobos i provinsen Buenos Aires i Argentina.

Perón deltok i militærkuppet i 1943 der han vart arbeidsminister. Han vart populær hos arbeidarklassen, og i 1945 forsøkte kollegaene å avsetja han. Etter omfattande protestar og demonstrasjonar, fremst frå arbeidarklassen så vart han verande i regjeringa. I 1946 vart han vald til president. Påverka blant anna av italiensk fascisme gjennomførte han nasjonaliseringar av industrien og andre reformer, noko som gjorde han svært populær hos arbeidarklassen men hata av mellom- og overklassen. Etter ei forverring av økonomien i landet vart Perón styrta i eit militærkupp i 1955. Han flykta til Spania, der han heldt fram med å vera ein politikar i bakgrunnen. Han kom attende i 1973 og vart på nytt vald til president, men døydde året etterpå i Buenos Aires. Motsetningane var store då, sjølv innom hans eiga peronistrørsle.

Perón var gift tre gonger. Den andre kona hans var Eva Perón, kjend som «Evita», som døydde i 1952. Den tredje kona hans, Isabel Perón, overtok presidentskapet i 1974, men vart avsett i militærkuppet den 24. mars 1976.

Peron grunnla ein eigen politisk ideologi, peronismen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk Wikipedia