Jukagirske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jukagirske språk er ein liten språkfamilie som består av berre to språk, nordjukagirsk og sørjukagirsk. Dei jukagirske språka er ikkje forståelege seg i mellom, men i slekt med kvarandre. Slektskap med andre språkfamiliar har det ikkje vore mogleg å fastslå, sjølv om det finst dei som vil slå dei saman med dei uralske språka til ein jukagirsk-uralsk familie. Jukagirsk blir dermed ofte rekna som eit paleosibirsk språk, dette er ei eining basert på geografiske heller enn genetiske kriteria.

Dei jukagirske språka blir snakka i dei nordaustlege delane av Sibir, langs Kolymaelva. Ved folketeljinga i Russland vart det tald 370 personar som tala jukagirsk.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010