Kolymaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kolyma
elv
none  Debin gjennom morgontåka over Kolyma i 2004
Debin gjennom morgontåka over Kolyma i 2004
Land Flag of Russia.svg Russland
Lengd 2 129 km km
Nedslagsfelt 643 000 km² km²
Munning Aust-Sibir-havet
Nedslagsfeltet til Kolyma
Nedslagsfeltet til Kolyma
Wikimedia Commons: Kolyma River

Kolyma (russisk Колыма) er ei elv nordaust i Sibir, som renn gjennom republikken Sakha, Tsjukotka autonome okrug, og Magadan oblast i Russland. Elva er 2129 km lang og har eit nedslagsfelt på 643 000 km².

Elva spring ut i fjella nord for Okhotsk og Magadan i området rundt 62°N 149°E og munnar ut i Kolymabukta (Kolymskij Zaliv) i Aust-Sibir-havet ved 69°30′N 161°30′E.

Kolyma er dekt av eit fleire meter tjukt islag om lag 250 dagar av året og er berre isfri frå tidleg i juni til oktober.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1892-1894 gjorde Baron Eduard Von Toll geologiske undersøkingar i området rundt Kolyma, samt fleire andre store elvar i Sibir, på vegne av Det russiske vitskapsakademiet. I løpet av eitt år og to dagar dekte ekspedisjonen 25 000 km, der 4200 km var opp og ned elvar, medan dei gjorde geodesiske undersøkingar.

Kolyma er kjend for gulagen som låg her, og for gullgraving. Etter at arbeidsleiren stengde har den lokale industrien og kommunikasjonen nesten forsvunne og mange folk har flytta frå området. Dei som er att lever hovudsakleg av fiske og jakt.

Kolyma-munningane[endre | endre wikiteksten]

Dei siste 75 kilometrane av Kolyma deler ho seg i to store greiner. Det er mange øyar i munningen av Kolyma før ho møter Aust-Sibir-havet. Dei største av desse er:

  • Mikhalkino 69°24′58″N 151°15′18″E er den største øya, og ligg vest for den austlege greina av Kolyma, kalla Prot. Kammennaja Kolyma. Denne øya bryt sundt til fleire mindre øyar i nord. Ho er 24 km lang og 6 km brei. Mikhalkino vert òg kalla Glasevmorputøya etter Sjefsdirektoratet for Nordaustpassasjen.
  • Sukharnyj eller Sukhornyj ligg 3 km frå nordaustsida av Mikhalkino. Ho er 11 km lang og om lag 5 km brei. Nordaust for Sukhornyj ligg ei gruppe småøyar kalla Morskije Sotki-øyane.
  • Piat' Pal'tsov ligg 5 km søraust for sørenden av Sukhornyj. Ho er 5 km lang og opp mot 1,8 km brei.
  • Nazarovskijøya 69°31′59″N 161°5′10″E ligg på vestsida av den vestlege greina til Kolyma, Prot. Pokhodskaja Kolyma, i eit område med mange småøyar. Ho er 4,5 km lang og 1,3 km brei.
  • Sjtormovojøya 69°39′58″N 161°1′52″E ligg utanfor kysten, om lag 10 km nord for Nazarovskijøya. Sjtormovoj er den nordlegaste av øyane i munningen til Kolyma og er 4,3 km lang og 1,5 km brei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]