Juliana av Norwich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ukjent
The church of SS Andrew and Mary - St Julian of Norwich - geograph.org.uk - 1547398.jpg
Teolog og anakoret
Fødd8. november 1342
FødestadNorfolk
Daud1416
DødsstadNorwich
Yrketeolog, skribent
Helgendag30. mai
Helgen iDen katolske kyrkja, Den anglikanske kyrkja

Juliana av Norwich (kring 1342–kring 1423), var ein engelsk mystikar og einebuar. Ho vert ofte titulert salig, men har aldri vorte formelt saligkåra. Juliana er ein av dei mest kjende mystikarane, og er den fyrste kvinneleg forfattaren som skreiv på engelsk.

Ein veit lite og inkje om bakgrunnen til Juliana, før hun vart einebuar. Ho busette seg i eit rom i ei kyrkje, rett utanfor bymurane til Norwich i England. Då ho døydde i cella si rundt 1423, var ho vidkjend for å vera heilag og trekte til seg vitjande frå heile Europa. Kyrkja ho budde i vart øydelagd under andre verdskrigen, men delar av cella hennar finst framleis i St. Julian's Church, som er kalla opp etter henne. Den 13. mai er minnedag over Juliana.

Revelations of Divine Love[endre | endre wikiteksten]

I 1373 var Juliana alvorleg sjuk, og ein rekna med at ho låg for dauden. Ein prest vart tilkalla for å be for henne, og medan han ba heldt han eit krusifiks opp framfor henne. Ho skal då ha opplevd at all smerte og sjukdom vart borte og at ho varte friskare enn før. Etterpå skal ho ha fått ein serie på femten openberringar, og dagen etterpå endå ei. I desse openberringane opplevde Juliana at Gud gav henne innsikt i treeininga og Kristi frelsesgjerning. Ho skreiv ned openberringane. Tjue år seinare gav ho dei ut i boka Revelations of Divine Love. Boka inneheld refleksjonar kring dei seksten openberringane, og legg stor vekt på Guds kjærleik til menneska, og teiknar eit bilete av eit svært nært forhold mellom menneske og Gud.

Utgjevingar på norsk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]