Julius Nyerere

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Julius Nyerere
none
Fødd 13. april 1922

Butiama

Død 14. oktober 1999
London
Parti Tanganyika African National Union (1954–1977)
Chama cha Mapinduzi (1977–1999)
1. verv President i Tanzania
 - periode 26. april 1964–5. november 1985
 - føregjengar Ingen
 - etterfylgjar Ali Hassan Mwinyi
2. verv President i Tanganyika
 - periode 9. desember 1962–26. april 1964
 - føregjengar Ingen
 - etterfylgjar Ingen
3. verv Statsminister i Tanganyika
 - periode 2. september 1960–22. januar 1962
 - føregjengar Ingen
 - etterfylgjar Rashidi Kawawa

Julius Kambarage Nyerere (13. april 192214. oktober 1999) var ein tanzaniansk statsmann som tente som leiar for Tanzania og førelauparen Tanganyika frå 1960 til han pensjonerte seg i 1985. På swahili vert han ofte omtalt med tittelen Mwalimu – «lærar» – som var yrket hans før han vart vald til president.

Etter å ha studert i Storbritannia var Nyerere med på å danna sjølvstendepartiet Tanganyika African National Union (TANU) i 1954. I 1960 vart han utnemnd til regjeringssjef av britane, og i 1962 vart han den fyrste presidenten i den uavhengige nasjonen Tanganyika. Da Tanganyika vart slege saman med Zanzibar vart han den fyrste presidenten i det nye landet, Tanzania. Den sosialistiske politikken til Nyerere vert kalla Ujamaa.

I 1985 trakk han seg friviljug som president og vart etterfylgd av Ali Hassan Mwinyi. Nyerere døydde i London i 1999 av leukemi.