Julussakonflikten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Politifolk ved Julussa, under konflikten i mai 1927

Julussakonflikten var ein arbeidskonflikt som gjekk føre seg våren 1927 i samband med fløyting av tømmer i elva Julussa i Elverum.

Ved Julussa hadde 150 fløytarar organisert seg og levert inn anbod på fløytinga. Mot desse meldte det seg eit lag av uorganiserte fløytarar med eit lågare anbod som fekk tilslaget. I dette laget fanst, mellom andre, skogeigarar og sønene deira, skogstyrarar og andre utan erfaring i fløytearbeid. Fleire faste fløytarar hadde elles lenge vore utan arbeid.

Då det uorganiserte laget starta fløyte i mai, vart streikebrytarane møtt med store demonstrasjonar og arbeidet blokkert. 13. mai kom væpna politi frå Oslo til Julussa, etter ordre frå Justisdepartemnetet. Same dag vart eit gardekompani sendt til Terningsmoen, truleg på initiativ frå hærsjefen. Nærveret av politi og militære førte til at konflikten spissa seg til. I stortinget fremja Arbeidarpartiet og Norges Kommunistiske Parti framlegg om at Stortinget skulle orsake tiltaket til regjeringa, utan å få fleirtal for framlegget.

Arbeidarane lukkast ikkje stanse streibrytararbeidet. Derimot lukkast det å skipe eit Norsk skog- og landarbeiderforbund hausten 1927.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]