Jurij Khmyljov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jurij Khmyljov


Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 9. august 1964 (59 år)
Moskva
Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1992

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Jurij Aleksejevitsj Khmyljov (fødd 9. august 1964) er ein sovjet-russisk tidlegare ishockeyspelar frå Moskva. Venstrevengen vart verdsmeister for Sovjetunionen i 1986, 1989 og olympisk meister i 1992.

Khmyljov spelte frå 1981 til 1992 på Krylja Sovetov. På 456 kampar skåra han 163 seriemål. Sommaren 1992 fekk han kontrakt med Buffalo Sabres og tente den klubben i National Hockey League fram til 1996. Han la ishockeyutstyret på hylla i 1999.

Khmyljov vann gullmedalje i VM 1986, sølv i VM 1987 og atter gull i VM 1989. Under dei olympiske vinterleikane 1992 toppa han karrieren med olympisk gullmedalje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]