Jurij Koroljov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jurij Koroljov


Statsborgarskap Russland
Fødd 25. august 1962
Vladimir
Død

29. april 2023 (60 år)
Vladimir

Idrett turn
Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Jurij Nikolajevitsj Koroljov (25. august 196229. april 2023) er ein tidlegare turnar frå Vladimir i Russland som representerte Sovjetunionen. Han sanka tre gullmedaljar under Turn-VM 1981, fire i Turn-VM 1985 og to i Turn-VM 1987.

Koroljov vart verdsmeister i mangekamp då Turn-VM 1981 vart avvikla i Moskva, hårfint framom landslagskollega Bogdan Makuts. I tillegg fekk han gull i friitståande og lagtevlinga, samt bronse i bøylehest. To år seinare måtte han nøye seg med ein sølvmedalje i lagtevlinga ved Turn-VM 1983. Under verdsmeisterskapen 1985 vann han mangekampen framom landsmannen Vladimir Artjomov. Elles i meisterskapen fekk han gullmedaljar i lagtevlinga, ringar og hopp, pluss sølvmedalje i frittståande. I sitt fjerde strake verdsmeisterskap vart han andremann i mangekampen, der han elles tok nye gullmedaljar i ringar og i lagtevlinga.

Koroljov deltok i europameisterskapen i turn i 1981, 1983 og 1987. I alle tre meisterskapane enda han på andreplass i mangekampen. Frå dei ulike øvingane og tevlingane fekk han med seg fem (2-3-0) medaljar i 1981 og like mange (2-2-1) i 1983, medan det vart tre (1-2-0) i 1987.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]