Just For Laughs Gags

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Just For Laughs Gags, kalla Bare for moro skyld på norsk, er eit kanadisk underhaldningsprogram der ein lurer folk med skjult kamera. I Canada har programmet gått på kanalen CBC, medan det i Noreg har vorte sendt på TV 2. Programmet inneheld ingen dialog, utanom at ein av og til kan høyre roping og skriking. I staden vert det spelt musikk i bakgrunnen, i tillegg til at det er sett på latter og andre lydeffektar. Dei fleste innslaga er filma i Montreal, men nokre er òg filma i Storbritannia og Mexico. Programmet vert vist i mange land og også på fly.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]