Juzjno-Sakhalinsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Juzjno-Sakhalinsk
Южно-Сахалинск
Horisonten til Juzjno-Sakhalinsk
Horisonten til Juzjno-Sakhalinsk
Byåpenet til Juzjno-Sakhalinsk
Byvåpenet til Juzjno-Sakhalinsk


Plassering
Juzjno-Sakhalinsk is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Sakhalin oblast
Grunnlagd 1882
Borgarmeister Andrej Lobkin
Geografi
Flatevidd
 - By

877 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

173 200
  197,5 /km²
Koordinatar 46°57′0″N 142°44′0″EKoordinatar: 46°57′0″N 142°44′0″E
Høgd over havet 40 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
VLAT (UTC+10)
VLAST (UTC+11)
Diverse annan informasjon
Postnummer 693000–693023
Retningsnummer (tlf) (+7)4242
Nettstad: yuzhno.sakh.ru/

Juzjno-Sakhalinsk (russisk skrift Ю́жно-Сахали́нск, japansk Toyohara – 豊原) er ein by og administrativt senter i Sakhalin oblast i Russland. Han ligg sør på øya Sakhalin, rundt 6700 km aust for Moskva. Han har om lag 170 000 innbyggjarar (2007).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå den første tida i Vladimirovka.

Busetnaden vart grunnlagt i 1882 som Vladimirovka, og vart bygt av russiske straffangar. Etter Portsmouth-traktaten i september 1905 vart byen hovudstad i det japanske prefekturet Karafuto, og fekk namnet Toyohara (som tyder «Grødedalen»). Portsmouth-traktaten avslutta den russisk-japanske krigen i 1904–1905. Japan vart tildelt den sørlege delen av Sakhalinøya, og leigde Liaodong-halvøya og det russiske jernbanesystemet her i det sørlege Mandsjuria. Etter andre verdskrig vart byen tilbakeført til Russland, og han fekk samstundes det noverande namnet, Juzjno-Sakhalinsk. Den einaste gjenverande japanske bygningen i Juzjno-Sakhalinsk er i dag museum i byen.

Økonomi og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Viktige næringar i Jusjno-Sakhalinsk er fiskeindustri, møbelproduksjon, maskinbygging, lettindustri og næringsmiddelindustri. Førekomstar av olje og gass er oppdaga i nærleiken.

I prosjektet Sakhalin II nord på Sakhalinøya er det investert rundt 20 milliardar USD i utbygginga av om lag 150 millionar tonn olje og 500 milliardar kubikkmeter gass. Sør på Sakhalin skal det byggast eit gasshandsamingsanlegg med ein kapasitet på 9,6 millionar tonn per år. Det skal òg byggast ein røyrleidning langs heile øya frå nord til sør.

Juzjno-Sakhalinsk lufthamn ligg 8 km sør for byen.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Juzjno-Sakhalinsk har mange høgare utdanningsinstitusjonar, mellom anna Sakhalin statlege universitet, fleire institutt innan havforsking, ein pedagogisk høgskole, ei avdeling av handelsuniversitetet i Moskva, samt ein høgskule for økonomi, jus og informatikk.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste innbyggjarane er russarar, men det finst òg ein stor koreansk folkesetnad i byen. Av totalt 43 000 Sakhalin-koreanarar bur om lag halvparten i Juzjno-Sakhalinsk, noko som utgjer 12 % av innbyggjarane i byen. Nokre av innbyggjarane er òg ainoar, nivkhar og orokar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]