Hopp til innhald

Kurilsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kurilsk
Курильск
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Region Sakhalin oblast
Areal 1 km²
Folketal 2 537 (2023)[1]
Grunnlagd 1700-talet
   Bystatus 1947
Postnummer 694530
Retningsnummer 424 54
Kart
Kurilsk
45°13′34″N 147°52′36″E / 45.226111111111°N 147.87666666667°E / 45.226111111111; 147.87666666667
Wikimedia Commons: Kurilsk

Kurilsk (russisk Курильск) er ein by i Sakhalin oblast i Russland med om lag 2 500 innbyggjarar. Han ligg på øya Iturup i Kurilane, rundt 450 km søraust for Juzjno-Sakhalinsk.

Staden der dagens Kurilsk ligg var tidlegare ein busetnad av ainuar, som var dei opphavlege innbyggjarane på øyane. Det opphavlege namnet var Sjana, som tyder noko slikt som stor busetnad ved elva sitt nedre løp. Mot slutten av 1700-talet oppstod ein busetnad av russiske kolonistar. I 1800 oppretta Japan ein garnison. I Shimoda-avtalen vart dei sørlege Kurilane lagt under Japan, og landsbyen Shanamura (japansk 紗那村) høyrde fram til slutten av andre verdskrigen i 1945 under det japanske underprefekturet Shana (i dag: underprefekturet Nemuro). Etter krigen kom øyane og Kurilsk under Sovjetunionen, og i 1947 fekk staden bystatus med det noverande namnet.

Økonomi og næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Kurilsk er sentrum for lakseoppdrett og fiskeindustri. Det finst òg verksemder innan bygningsindustri. I Kurilsk ligg ein seismologisk stasjon og ein tsunami-varslingsstasjon.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kurilsk