Kåre Martin Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kåre Martin Hansen
Fødd14. juli 1913
Hammerfest kommune
Død26. april 1985 (71 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Kåre Martin Hansen (14. juli 191326. april 1985) var ein norsk arbeidar, funksjonær og politikar frå Hammerfest som representerte Troms og ArbeidarpartietStortinget i tida 1961-69.

Far hans var murar og smed. Hansen dreiv fiskje 1928–30 og arbeidde der etter som telefonmontør 1931–44. Under andre verdskrigen gjekk han Oslo elementærtekniske skole. Åra 1946-48 var han sosialsekretær i Nord-Troms. I 1949 byrja han på ein lang arbeidsdag i Telegrafverket, fyrst som teiknar og konstruktør til 1975 og til sist avdelingsleiar 1976-80.

Hansen var medlem i kommunestyret i Tromsøysund frå 1945 til kommunen vart slått saman med Tromsø i 1963. Han var ordførar frå 1947 til 1961. Perioden 1972-75 var han kommunestyrerepresentant i Tromsø. Frå 1961 var Hansen representant til Stortinget frå Troms, attvald til ein ny fireårsperiode i 1965. Den fyrste perioden var han medlem i Sosialkomiteen, den andre i Finanskomiteen.

Hansen hadde ei rad offentlege verv i Troms. Mellom anna var han formann 1959-63 i Byggekomiteen for Troms og Tromsø sykehus, 1960-62 i kommunikasjonsplankomiteen 1972-75 i næringsnemnda og byplanrådet i Tromsø. Dessutan hadde han verv i fagrørsla, fyrst i Tromsø Bygningsarbeiderforening og der etter på ulike nivå i Norsk Tele Tjeneste Forbund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]