Kåre Wildhagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kåre Wildhagen (fødd 1906 i Drammen, død 1984) var ein norsk målar, utdanna ved Statens handverks- og kunstindustriskule og Statens Kunstakademi. Han måla portrett, landskap og figurkomposisjonar i ein klar, fint avstemt koloritt. Han var teatermålar ved Centralteatret frå 1938 til 1941 og Studioteatret etter krigen. Han var overlærar ved Statens handverks- og kunstindustriskule 1953–1976. Nasjonalmuseet/Nasjonalgalleriet i Oslo eig eit byparti frå Venezia og «Bak huset» (1957).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]