Kélétigui Diabaté

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kélétigui Diabaté
Fødd1931
FødestadMali
Død30. november 2012 (81 år) (81 år)
DødsstadBamako, Mali
OpphavMali
Aktiv1950-åra til 2012
InstrumentBalafon, gitar, saksofon
Verka somMusikar

Kélétigui Diabaté (1. januar 193130. november 2012)[1] var ein malisk musikar, skildra som ein «uomstridd meister» på balafonen,[2] og som «ein av dei viktigaste personane i moderne malisk musikk».[3]

Seint i 1950-åra var han med å skipe Orchestre de la Garde Républicaine, som turnerte i Vest-Afrika. Han var òg gitarist og med å skipe L'Orchestre National «A» de la République de Mali, som òg vart kalla Formation A. Dette bandet starta då Mali fekk sjølvstendet sitt i 1960. Eit album av gruppa kom ut i Tyskland i 1970.[3]

Han vart så med i Les Ambassadeurs, som etter 1972 vart leia av songaren Salif Keita.[4] Han utvikla spelestilen sin etter å ha spelt ein konsert med dei amerikanske jazzmusikarar, inkludert vibrafonisten Lionel Hampton og songaren Ella Fitzgerald i 1978.[3]

Han kom saman att med Salif Keita i 1989 og spelte på Keita-albumet Ko-Yan, og spelte på album med musikarar som Zap Mama, Ketama og Bonnie Raitt.[3] Mellom 1998 og 2009 spelte han med bandet til gitaristen Habib Koité, Bamada. Han spelte inn sitt eige album, Sandiya, i 2004.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AFP, Renowned Malian musician Keletigui Diabate dies, 1. desember 2012. Henta 4. oktober 2020
  2. Kélétigui Diabaté at African Guild. Henta 4. oktober 2020
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Cumbancha.com, Kélétigui Diabaté (1931-2012) Arkivert 2012-12-06 ved Wayback Machine.. Henta 4. oktober 2020
  4. Biography by Craig Harris at Allmusic.com. Henta 4. oktober 2020