Bonnie Raitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bonnie Raitt
Bonnie Raitt 2000.jpg
Bonnie Raitt i mars 2000
Fødd8. november 1949 (71 år)
FødestadBurbank i California i USA.
FødenamnBonnie Lynn Raitt
OpphavUSA
AktivSidan 1971
Sjanger
Instrument
Plateselskap
Verka som
  • Songar
  • låtskrivar
  • musikar
FarJohn Raitt
Gift medMichael O'Keefe
PrisarMusiCares Person of the Year, Americana Lifetime Achievement Award for Performance

Bonnie Lynn Raitt (fødd 8. november 1949) er ein USA-amerikansk bluessongar, gitarist, låtskrivar og aktivist.

I 1970-åra gav Raitt ut ei rekkje roots-aktige album som hadde element av blues, rock, folk og country. I 1989, etter fleire år med kritikarrost musikk, men lite kommersiell suksess, fekk ho ein stor hit med albumet Nick of Time. Dei neste to albuma, Luck of the Draw (1991) og Longing in Their Hearts (1994), selde til fleire millionar, og hadde fleire hitsinglar, som «Something to Talk About», «Love Sneakin' Up On You» og balladen «I Can't Make You Love Me» (med Bruce Hornsby på piano).

Raitt har fått 10 Graymmyprisar. Ho er oppført på 50. plassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste songarane gjennom tidene[1] og 89. plassen på lista deira over dei 100 beste gitaristane.[2] Den australske countryartisten Graeme Connors har sagt «Bonnie Raitt gjer noko med ein tekst som ingen andre kan, ho bøyer og vrir han rett inn i hjartet ditt.»[3]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Raitt var fødd i Burbank i California som dotter av Broadway-stjerna John Raitt, som var mest kjend for roller i kjende stykke som Carousel og The Pajama Game. Raitt byrja å spele gitar då ho var 12 år gammal, og kjende straks ei tilhøyrsle til bluesen. Ho drog for å studere ved Radcliffe College i 1967, men etter to år hadde ho droppa ut for å byrje å spele på vise- og bluesklubbar i Boston. Ho hamna under vengjene til den kjende bluesmanagaren Dick Waterman, og spelte etter kort tid ved sidan av artistar som Howlin' Wolf, Sippie Wallace og Mississippi Fred McDowell, og fekk med tida eit såpass godt rykte at ho fekk kontrakt med Warner Bros.[4]

Raitt debuterte i 1971 med eit sjølvoppkalla album og vart raskt ein favoritt hos kritikarane, ikkje berre for den sjelfulle synginga og det tankefulle songutvalet, men òg som ein dugande gitarist. Ho var mellom anna ei av få kvinner som spelte flaskehalsgitar.[4] Oppfølgjaren hennar i 1972, Give It Up, utnytta den eklektiske smaken hennar betre, med songar av samtidige artistar som Jackson Browne og Eric Kaz, i tillegg til ei rekkje R&B-songar og tre originale songar av Raitt. Takin' My Time i 1973 vart kritikarrost, og gjennom midten av tiåret gav ho ut ei plate i året, og kom ut med Streetlights i 1974 og Home Plate eit år seinare. Sweet Forgiveness kom i 1977, der Raitt fekk sin første større pophit med ein versjon av Del Shannon-klassikaren «Runaway». Oppfølgjaren, The Glow, kom ut i 1979 kring samstundes som det vart halde ein massiv konsert med mange kjende musikarar mot atomvåpen i Madison Square Garden i New York City, arrangert av MUSE (Musicians United for Safe Energy), ein organisasjon ho var med å starte opp tidlegare.[4]

Gjennom karrieren sin har Raitt vore ein engasjert aktivist, og spelte hundrevis av veldedige konsertar og arbeidde utrøytteleg på vegne av Rhythm and Blues Foundation. Tidleg i 1980-åra hamna karrieren hennar i trøbbel. Green Light frå 1982 fekk som vanleg god kritikk, men selde dårleg, og då ho arbeidde på ein oppfølgjar, vart ho droppa av Warner. På denne tida sleit Raitt òg med eit dop- og alkoholproblem.[4] Ho arbeidde òg på nokre songar med Prince, men timeplanane deira passa aldri, og materialet kom ikkje ut.[4] I staden gav ho til slutt ut Nine Lives i 1986, som selde dårlegast av alle albuma hennar sidan debuten.

Mange hadde avskrive Raitt då ho slo seg saman med produsenten Don Was og spelte inn Nick of Time, tilsynelatande ut av det blå. Plata vann ho ei rekkje Grammyprisar, mellom anna for årets album, og over natta var ho blitt ei superstjerne. I 1991 kom Luck of the Draw, som vart ein storseljar, med hittar som «Something to Talk About» og «I Can't Make You Love Me». Etter Longing in Their Hearts i 1994, følgde Raitt opp med Fundamental i 1998. Silver Lining kom i 2002, følgd av Souls Alike i 2005, begge på Capitol Records. Eit år seinare gav ho ut ei piratkopiaktig konsertplate, Bonnie Raitt and Friends, med gjesteartistar som Norah Jones og Ben Harper. Raitt trekte seg attende frå livet som profesjonell musikar dei neste få åra etter at begge foreldra og broren hennar og ein besteven døydde. I 2012 kom ho ut med det første albumet sitt på sju år, Slipstream, på hennar eige selskap, Redwing. Albumet debuterte på sjetteplassen på Billboard 200-lista i USa og vann ho til slutt ein Grammy for beste americana-album. I februar 2016 gav Raitt ut det tjuande albumet sitt, Dig in Deep, igjen på Redwing. Albumet inneheld ein uvanleg coverversjon med INXS-songen «Need You Tonight», i tillegg til den originale Raitt-songen «The Ones We Couldn't Be», som omhandla tapet av foreldra og broren.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Bonnie Raitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «100 Greatest Singers». Rolling Stone. 23. november 2011. Arkivert frå originalen 2. september 2017. Henta 27. september 2020. 
  2. «100 Greatest Guitarists». Rolling Stone. 23. november 2011. Arkivert frå originalen 18. juli 2012. Henta 27. september 2020. 
  3. Chris Coleman (18. januar 2008). «Summer Conversations January 2008». ABC New South Wales. (Australian Broadcasting Corporation). Arkivert frå originalen 1. februar 2008. Henta 27. september 2020. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Allmusic Bonnie Raitt > Biography

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bonnie Raitt