Bamako

Bamako er hovudstaden i det afrikanske landet Mali. Byen ligg ved elva Niger (Joliba 'blodelva' (joli 'blod', ba 'elv') på bambara) i den sørvestlege delen av landet. Bamako er administrativt sentrum i landet, og er ein viktig hamneby og eit regionalt handelssentrum. Hovudnæringane er tekstil, matvarer og metall.
Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]
Bamako er på sjetteplassen mellom dei raskast veksande byane i verda.[1] I 1884 hadde byen 2 500 innbyggjarar, i 1908 8000 innbyggjarar[2], i 1945 37 000 innbyggjarar, i 1960, året då Mali blei uavhengig, hadde talet stige til 100 000, og i 2009 var det kome opp i 2 209 225[3]. Byen er dessutan den sjuande største i Vest-Afrika, etter Lagos, Abidjan, Kano, Ibadan, Dakar og Accra.
Namnet på byen[endre | endre wikiteksten]
Namnet Bamako kjem frå bambara og tyder 'krokodillerygg' (bama 'krokodille'; kɔ 'rygg').[4]
Bydelar[endre | endre wikiteksten]
Bamako har desse bydelane; namna er skrivne på bambara (bamanankan) og nokre i tillegg på fransk (etter skråstreken når båe språka er med):
|
|
|
|
Klima[endre | endre wikiteksten]
Bamako ligg lengst sør i Sahel og har eit tropisk klima med ein gjennomsnittleg nedbør på 878 mm i året, og med ei klårt åtskild tørketid og regntid.
Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]
Angers, Frankrike (sidan 1974)
Bobo Dioulasso, Burkina Faso
Dakar, Senegal
Leipzig, Tyskland
Rochester, New York, USA (sidan 1975)
São Paulo, Brasil
Sinyar, Indonesia
Slocomb, Alabama, USA (sidan 1912)
Kjende personar som er fødde i Bamako[endre | endre wikiteksten]
- 1954, 24. oktober, Amadou Bagayoko, songar og gitarist i Amadou & Mariam
- 1955, 23. juni, Jean Tigana, fransk fotballspelar og -trenar
- 1958, 15. april, Mariam Doumbia, songar Amadou & Mariam
- 1968, 25. februar, Oumou Sangaré, songar, feminist og menneskerettsaktivist
- 1979, 15. juli, Boubacar Diarra, malisk fotballspelar
- 1978, 15. april, Soumaila Coulibaly, malisk fotballspelar i FSV Frankfurt
Norske organisasjonar i Bamako[endre | endre wikiteksten]
Mange internasjonale humanitære organisasjonar og misjonsorganisasjonar er etablerte i Bamako, og mellom norske organisasjonar finn vi Kirkens nødhjelp, Strømmestiftelsen, Santalmisjonen og Det norske misjonsselskap.[5]
Bibliografi[endre | endre wikiteksten]
Brauner, Siegmund 1974. Lehrbuch des Bambara. Leipzig: VEB Verlag Enzyklopädie.
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ The world’s fastest growing cities and urban areas from 2006 to 2020
- ↑ S. Konaté, Bamako, enracinée dans l’histoire, ouverte au Monde, L’Essor , 1er décembre 2005.
- ↑ Jf. artikkelen om Bamako på fransk wikipedia.
- ↑ Jf Artikkelen om Bamako på tysk wikipedia og Brauner (1974).
- ↑ Eigne observasjonar under fleire opphald i Bamako; Rolf Theil.