Königspitze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Königspitze
fjell
Königspitze Sunrise.jpg
Königspitze sett frå nordvest
Land {{landdata Italia Italia landflagg2 namn = Italia Italia variant = storleik =

}}

Fjellkjede Ortleralpane
Høgd 3 851 m moh.
Primærfaktor 424 m m
Førstestiging 1854
Koordinatar 46°28′43″N 10°34′6″EKoordinatar: 46°28′43″N 10°34′6″E
Wikimedia Commons: Königspitze

Königspitze (italiensk: Gran Zebrù) er ein 3 851 meter over havet høg fjelltopp i Ortleralpane, på grensa mellom provinsane Bolzano og Lombardia i Italia. Det mykje bredekte fjellet består i hovudsak av dolomitt.

Stephan Steinberger hevda å ha vore fyrstemann på toppen i 1854, ei bestiging som sidan har vore mykje omstridd då mange har funne det tvilsamt om at turen let seg gjennmføre slik han skildra den. Ti år seinare gjorde to britiske fjellklatrarar i lag med to lokale fjellførarar den fyrste sikre toppturen.

Under fyrste verdskrigen var Königspitze strategisk viktig og det vart kjempa hardt om kontrollen over fjellområdet. Gjennom det 20. hundreåret vart det klatra fleire ruter i nordveggen på fjellet. Königspitze var særleg kjend for den såkalla rullekaka (=Schaumrolle), ein veldig snøskavl på toppegga som brast i 2001 og fall i avgrunnen. Sterk nedsmelting av isbreane og tining av permafrosten gjer at ein topptur langs normalruta i dag er noko meir krevjande enn i tidlegare tider.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]