KTM

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
KTM 950ccm

KTM (Kronreif, Trunkenpolz, Mattighofen) er ein motorsykkelprodusent i Austerrike. KTM er mest kjend for å produsere cross- og endurosyklar med både to- og firetaktsmotor. Endurosyklar er motorsyklar som vert nytta i den konkurransesporten som vert kalla enduro, som går ut på å køyre i fastsette ruter gjennom naturleg terreng med store utfordringar. Nemninga kjem av den spanske og italienske versjonen av det engelske ordet endurance.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Føretaket vart grunnlagd i 1934 i Mattighofen i Austerrike av mekanikaren Hans Trunkenpolz som Kraftfahrzeuge Trunkenpolz Mattighofen. Det var først i 1953 at føretaket produserte dei første syklane, 20 eksemplar vart produsert. I 1955 kom Ernst Kronreif inn, og då skifta føretaket namn til Kronreif, Trunkenpolz, Mattighofen. Dei var dei første til å produsere 4taktsmotor for en offroad motorsykkel. Dei var og først med ein hydraulisk clutchmekanisme på alle modeller av motorsyklar, og var først til å lage ein konkuransesykkel, «supermoto». I 2003 vart produksjonen av motorsyklar av det svenske merket Husaberg underlagt KTM, men Husaberg vert framleis produsert i Sverige.

Hans Trunkenpolz døydde i 1989.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]