KV Mechelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Yellow Red Koninklijke Voetbalclub Mechelen er ein belgisk fotballklubb frå Mechelen som vart stifta i 1904 og som sidan 2007 har hatt plass i den belgiske toppdivisjonen. KV Mechelen spelar heimekampane sine på AFAS-stadion med opp til 13 213 tilskodarar på tribunane. Laget spelar då i raude- og gulstripete trøyer, samt svarte bukser og strømper.

Klubben hadde si fyrste stordomstid i 1940-åra; då han vart seriemeister tre gongar i tida 1943-48. Høgdepunktet for KV Mechelen er sigeren i i Cupvinnarcupen 1988, året etter at klubben vann sin hittil einaste triumf i den heimlege cupen. I 1989 vann laget den belgiske toppdivisjonen for fjerde gong. Målvakta Michel Preud’homme, Graeme Rutjes, Erwin Koeman, Marc Emmers og Leo Clijsters var dei viktigaste spelarane i gullåra under andre halvpart av 1980-talet.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av Cupvinnarcupen: 1988
  • Seriemeister i Belgia: 1943, 1945, 1948 og 1989 (4)
  • Cupmeister i Belgia: 1987, 2019

Kjelder[endre | endre wikiteksten]