Kaare Dyvik Husby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kaare Dyvik Husby (fødd 11. juni 1969) er ein norsk komponist, fødd i Kristiansund. Han er bror til rockemusikaren og skodespelaren Hans-Erik Dyvik Husby.

Kaare Dyvik Husby er utdanna ved Norges musikkhøgskole, og har rekonstruert tre orkesterstykke frå den tapte balletten Baldurs draumar av Geirr Tveitt.

Husby har studert komposisjon ved Noregs musikkhøgskole.

Komponisten har hatt framføringar på dei viktigaste festivalane for samtidsmusikk, som Ultima, Music Factory, Ilios, Stavanger Speculum og Ung Nordisk Musikkfest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]