Noregs musikkhøgskole
Noregs musikkhøgskole | |||
| |||
Grunnlagt | 1973 | ||
---|---|---|---|
Type | Vitskapleg høgskole | ||
Stad | Oslo kommune | ||
Studentar | 770 (2020) | ||
Tilsette | 225 (2020) | ||
Org.nummer | 974761106 | ||
Nettstad | http://www.nmh.no | ||
Norges musikkhøgskole 59°55′56″N 10°42′49″E / 59.932222°N 10.713611°E |
59°55′56″N 10°42′49″E / 59.93222°N 10.71361°E Noregs musikkhøgskole på Majorstua i Oslo er den høgaste utdanningsinstitusjonen for musikk i Noreg. Institusjonen vart grunnlagd i 1973, men har røter attende til Musikkonservatoriet i Oslo, som vart danna som Organistskolen i Kristiania av Ludvig Mathias Lindeman og Peter Lindeman i 1883.
Noregs musikkhøgskole (NMH) har 475 studieplassar, og tilbyr utdanning på bachelor-, master- og PhD-nivå innan utøvande musikk, komposisjon, musikkpedagogikk og musikkterapi. Det er mogleg å studere klassisk musikk, improvisert musikk/jazz og norsk folkemusikk.
I tillegg til musikkutdanning driv NMH med konsertverksemd og forsking. Dei tilbyr òg etterutdanning i mellom Administrasjon og ledelse og Minoritetskulturar i musikkundervisning.
I 2007 innvigde NMH eit nytt undervisningsbygg, 2. hus, i tilknyting til det eksisterande bygget ved Chateau Neuf på Majorstua.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Noregs musikkhøgskole i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren