Hopp til innhald

Kabelvåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kabelvåg
stad
Lofotmuseet i Kabelvåg
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Vågan
Areal 1,37 km²
Folketal 2 291  (2023)
Folketettleik 1 672 / km²
Postnummer 8310 KABELVÅG
Ferdselsårer E10
Kart
Kabelvåg
68°13′00″N 14°29′00″E / 68.216666666667°N 14.483333333333°E / 68.216666666667; 14.483333333333
Wikimedia Commons: Kabelvåg
Kabelvåg

Kabelvåg (nordsamisk Gávvalváhki eller Váhki, lulesamisk Gábelváhke) er ein tettstad i Vågan kommune i Lofoten. Staden er det eldste fiskeværet i Lofoten.

Kabelvåg har både grunnskole og vidaregåande skole, og ein finn òg skolane Lofoten folkehøgskole og Nordland kunst- og filmskole her.

«Lofotkatedralen», Lofotakvariet, Galleri Espolin og Lofotmuseet er kjente turistattraksjonar. Rett vest for staden, i Storvågan, finst arkeologiske funn etter mellomalderbyen Vágar i Hålogaland. Få kilometer lenger vest ligg fjellet Vågakallen, eit motiv i mange målarstykke frå Lofoten og med ei populær rute for fjellklatrarar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]