Kabul Serena Hotel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kabul Serena Hotell)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kabul Serena Hotel
Serena Hotel in Kabul-2013.jpg
Hageområdet i Kabul Serena Hotel
Skipa1945
EigarDen afghanske staten
Inngangen til Serena Hotel.
Inne frå hotellet.

Kabul Serena Hotel er eit femstjernes hotell som ligg sentralt i Kabul i Afghanistan. Det blei bygd i 1945 og seinare oppgradert og gjenopna i 2005.[1]

Hotellet er rekna som ein trygg stad å bu i Kabul å bu for utlendingar, og er mykje brukt av diplomatar og andre internasjonale tilreisande. Den australske ambassaden i Afghanistan held til i hotellet.[2] Serena Hotel har likevel vore gjenstand for to døydelege terroråtak, eit i 2008 og eit i 2014.

Hotellet er omkransa av ein hage og har utsyn over Zarnegar-parken. Det har 177 rom; av desse er 17 suitar. Det har også fleire etestader, som Café Zarnegar, som serverer afghansk mat, Silk Route, som serverer søraustasiatisk mat, bakeriet Serena Pastry Shop og snøggmatstaden Char Chata Lounge.

Serena Hotel har også symjebasseng, spa, treningsrom og konferanserom.

Terroråtak[endre | endre wikiteksten]

I 2008 trengde fire menn frå Taliban seg inn på hotellet. Dei sprengde ei bilbombe utanfor; ein av dei hadde med seg ein bombevest inn. Seks menneske blei drepne, mellom dei den norske journalisten Carsten Thomassen, to hotellvaktar, ein filipinsk tilsett, ein amerikansk politisk aktivist, Thor Hesla. Seks andre blei skadd, mellom dei den norske informasjonsrådgjevaren Bjørn Svenungsen frå Utanriksdepartementet og ein diplomat frå Dei sameinte arabiske emirata. To av åtakarane sprengde seg sjølv i lufta, ein blei skoten og ein blei fanga.

Ein norsk delegasjon som omfatta utanriksminister Jonas Gahr Støre budde på hotellet under åtaket. Delegasjonen var verna av norske styrkar, og blei sende til eit sikkert rom under åtaket.

Åtaket i 2014 fann stad under den persiske nyttårsfeiringa navroz, og blei utført av fire ungdommar tilknytte Taliban. Hotellet hadde også mange utanlandske valobservatørar i samband med det komande presidentvalet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ismaili.net
  2. «Terrorists hit Australian embassy», The Courier-Mail, January 14, 2008 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kabul Serena Hotel