Jonas Gahr Støre
Jonas Gahr Støre | |
![]() Jonas Gahr Støre på sentralbanksjefen si årstale i februar 2017. Foto: Tore Sætre | |
Fødd | 25. august 1960 (61 år) Oslo |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar, diplomat |
Institusjonar | Harvard University |
Utdanna ved | Sciences Po Sjøkrigsskulen |
Far | Ulf Jonas Støre |
Ektefelle | Marit Slagsvold |
Medlem | Stortingets særskilte komité for å behandle spesielle saker vedrørende korona-krisen |
Jonas Gahr Støre (fødd 25. august 1960) er ein norsk politikar og er leiar i Arbeidarpartiet (Ap) frå 14. juni 2014. Han vart statsminister i Noreg etter valet i 2021. Frå 17. oktober 2005 var han utanriksminister i regjeringa Stoltenberg II. Frå september 2012 fekk han stillinga som helseminister i same regjeringa.
Støre blei fødd i Oslo som son av skipsreiaren Ulf Jonas Støre og kona Unni Gahr. Han gjekk på Marinens befalskole ved Sjøkrigsskolen i Bergen i 1979–1981 før han tok utdanning som statsvitar med spesialisering i historie og sosialøkonomi ved Institut d'études politiques de Paris i Frankrike frå 1981 til 1985 og talar flytande fransk. Han blei også teken opp som doktorgradsstudent ved London School of Economics, men slutta etter fåe veker. I staden underviste han ved Harvard Law School i 1986 og arbeidde deretter som forskar ved Bedriftsøkonomisk Institutt frå 1986 til 1989.
Støre blei så tilsett som spesialrådgjevar ved Statsministerens kontor. Under EØS-forhandlingane tidleg på 1990-talet var Gahr Støre spesialrådgjevar for Gro Harlem Brundtland og aktiv deltakar i utforminga og forhandlinga av avtalen. Seinare blei han ekspedisjonssjef i Utanriksdepartementet. I 1998 blei Støre eksekutivdirektør (stabssjef) ved Gro Harlem Brundtland sitt kontor i Verdshelseorganisasjonen (WHO).
I åra 2002–2003 var Støre arbeidande styreleiar i analyseselskapet Econ, før han blei generalsekretær i Raudekrossen i august 2003. Denne jobben hadde han til han blei utanriksminister hausten 2005.
Ved stortingsvalet 2009 blei han vald inn på Stortinget som fast representant for Oslo, men heldt fram i regjeringa som utanriksminister.
Han er gift med sosiologen og forskaren Marit Slagsvold og har tre barn.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Jonas Gahr Støre». Stortinget.no.
Denne samfunnsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
- Einskildmenn
- Fødde i 1960
- Regjeringa Støre
- Norske statsministrar
- Norske helseministrar
- Norske utanriksministrar
- Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II
- Ap-statsrådar
- Statssekretærar i Regjeringa Stoltenberg I
- Statssekretærar frå Ap
- Leiarar for Arbeidarpartiet
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar 2013-2017
- Stortingsrepresentantar 2017-2021
- Stortingsrepresentantar 2021-2025
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar for Oslo
- Æresdoktorar ved UiT Noregs arktiske universitet
- Norske diplomatar
- Norske sosialøkonomar
- Politikarar frå Oslo