Ambassade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den norske ambassaden i Berlin er ein del av komplekset Dei nordiske ambassadane i Berlin.
Den sørkoreanske ambassaden i Sverige ligg i Diplomatstaden i Stockholm.
Skilt som markerer den tyske ambassaden i Reykjavík.
Canada House husar Den kanadiske høgkommisjonen i Storbritannia. Landa i Samveldet av nasjonar har høgkommisjonar, tilsvarende ambassader, hos kvarandre.

Ein ambassade er ein diplomatisk representasjon med ein ambassadør som sjef. Den viktigaste oppgåva til ambassaden er å ivareta interessene til heimlandet overfor regjeringa til vertslandet og å fremje sambanda mellom dei to landa.

Ambassaden kan ha underliggande generalkonsulat, konsulat, visekonsulat eller andre spesielle representasjonar.

Ein utanriksstasjon med nemninga legasjon er ikkje ein ambassade, men vert leia av ein minister som har rang lågare enn ambassadør.

Historisk utvikling av ambassadeomgrepet[endre | endre wikiteksten]

Uttrykket ambassade har gjennomgått ei utvikling. Før Wienerkongressen i 1815 synte ordet til ei sendeferd, leia av eit sendebod, og det dreidde seg då om ein tilreisande delegasjon som regel fra eitt overhovud til eit anna. Ein ambassade involverte då ikkje ein fast tilhaldsstad anna enn dei midlertidige kvartera som sendeferda oppretta for dei tida oppdraget deira tok.

Ein hadde derimot òg på den tida ofte òg faste stadlege representantar, men dei vart som regel ikkje kalla ambassadørar.

Etter Wienerkongressen oppretta dei fem stormaktene Frankrike, Storbritannia, Austerrike, Preussen og Russland, ambassadar i kvarandre sine hovudstader. Tilsvarande representasjonar i mindre land vart ikkje kalla ambassadar; det vanligste uttrykket var legasjonar.

Uttrykket ambassade vart såleis nytta dels som ein respekt av den særlege rangen til vertslandet. Slik vart det òg eit at av realpolitiske årsaker eller reine diplomatiske høflegheitsårsaker at representasjonene til mindre land gradvis òg fekk ambassaderang. Slik vart det naturleg å gjere om legasjonar tli ambassadar, som til dømes i 1906 mellom Tyskland og Japan. Etter kvart som USA vart ein stadig viktigere diplomatisk aktør i desse åra, vart legasjonane der òg omgjort til ambassadar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Lenkjer til norske ambassadar i utlandet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]