Kafir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå også «kaffarar».

Kafir (Arabisk: كافر, kāfir; fleirtal كفّار, kuffār, «vantru») er i islam ei nemning for ein person som avviser Gud (Allah) eller profeten Muhammad (med andre ord alle ikkje-muslimar), eller som gøymer eller fornektar «sanninga».

Vanlege omsetjingar på norsk er «vantru», «fråfallen» og «ateist». I seinare tid har omgrepet vorte sett på som nedlatande, og difor frårår nokre muslimske lærde å bruke det, og føreslår i staden «ikkje-muslim».[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Kafir» på SNL.no, innhenta 25. november 2009.
  • «Kafir» på Caplex.no, innhenta 25. november 2009.
  • «Kafir» på Wikipedia på engelsk, innhenta 25. november 2009.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «General Fatwa Session, "...kafir is now a derogatory term..."» av Sheikh Muhammad Al-Mukhtar Al-Shinqiti på Islamonline.net (2005).