Allah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det saudiarabiske flagget viser den muslimske truvedkjenninga, som byrjar med «Det finst ingen gud utanom Allah».

Allah er arabisk for ‘Gud’, eller ‘den eine sanne Gud’.

Ordet blir, utanfor den arabiske verda, vanlegvis forbunde med islam, der det er sett som namnet på den einaste sanne Gud som forkynt av Muhammed. Ordet blir òg brukt av arabisktalande jødar, kristne og bahá'íar.

Ordet Allah er nært i slekt med hebraisk Elóah og Elohím og med arameisk Eláh/Elahá, og dessutan med det hebraiske El.

Uttrykk som inneheld «Allah»[endre | endre wikiteksten]

  • Alláhu-Akbar tyder Gud er stor. Muslimsk påkalling av Gud.
  • Alláhu-Ajmal' tyder Gud den venaste.
  • Alláhu-Abhá tyder Gud den strålande, den altstrålande. Blir bruka som helsing av bahá'íar.