Kai Fjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kai Fjell
Fødd 2. mars 1907
Skoger
Død

10. januar 1989
Lysaker

Yrke kunstmålar, scenograf

Kai Breder Fjell (2. mars 190710. januar 1989) var ein norsk målar, scenograf og teiknar, fødd i Skoger.

Kai Fjell var elev ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i 1927 og ved Statens Kunstakademi under Axel Revold i 1928-29. I 1929-31 arbeidde han som reklameteiknar. Han debuterte utan suksess ved ein kollektivutstilling i Kunstforeningen i Oslo i 1932. Han slo igjennom i 1937 då han heldt den første separatutstillinga si på Kunstnernes hus i Oslo.

Veggdekorasjon av Kai Fjell på tidligere Fornebu flyplass, i dag IT Fornebu.

Fjell arbeidde mest med oljemåleri, men han utførte òg arbeider innan teikning, skulptur og grafikk. Han illustrerte bøker og lagde scenedekorasjonar for Nationaltheatret. Arbeida hans vart tidleg prega av ein ornamental ekspresjonisme, og menneskeskikkelsane hans er delvis gjeve att naturalistisk, delvis bygd opp av geometriske figurar.

Hovudverket til Fjell, Kunst 3 med Kalven reiser seg, Violinen og Likkjøreren, heng i Nasjonalmuseet. Arbeidet Mor og barn er ofte reprodusert. Elles har Regjeringsbygningen, Bakkehaugen kyrkje og Norsk Skogmuseum store arbeid av han. Han vart utnemnd til Kommandør av St. Olavs Orden i 1976.