Lysaker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nedre del av Lysakerelva, med gamle industriområde gjort om til kontor og kjøpesenter
Foto: Kjetil Lenes
Europaveg 18 inn mot Lysaker i retning Drammen i 2010
Europaveg 18 på Lysaker i retning Drammen i 1981

Lysaker er ein tettbygd stad med hovudsakeleg kontorblokker på grensa mellom kommunane Bærum i Akershus og Oslo, i området der Lysakerelva munnar ut i Lysakerfjorden, ein part av Indre Oslofjord. Kommunegrensa følgjer elva og Lysakerfjorden. Lysaker er ein del av tettstaden Oslo, og sterkt prega av moderne kontorbygg. Namnet kjem av norrønt Ljósakr, lys eng.

Lysaker er eit trafikknutepunkt. Ingen andre stader i Noreg passerer det fleire bilar i døgn enn på Europaveg 18 ved Lysaker. Statens vegvesen har rekna ut at det i perioden 2005–2010 vil vere i gjennomsnitt 170 000 passeringar kvart døgn.

Her ligg òg Lysaker stasjonDrammensbanen, og frå 2011 òg på Askerbanen, og er ein av dei største i landet rekna etter talet på ferdafolk. Flytoget stoggar på Lysaker, og her er òg eit bussknutepunkt. Mellom Lysaker og Nesodden går det passasjerferje.

Fritjof Nansens hus «Polhøgda» ligg på Lysaker. Det hyser no Fritjof Nansens institutt.

Lysaker har gjeve namn til den uformelle gruppa Lysakerkretsen; kunstnarar og vitskapsmenn som levde i området rundt 1900.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Store Norske Leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lysaker