Kaja Kallas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaja Kallas
Kaja Kallas (crop).jpg
Fødd18. juni 1977 (45 år)
Tallinn
Statsborgar avEstland
PartiEesti Reformierakond
Yrkepolitikar, advokat, handelsskulekandidat
InstitusjonarTGS Baltic
Vanemuine Theatre
TGS Baltic
Viru-Nigula wind farm
Borenius
Estonian Business School
Riigikogu
Europaparlamentet
Utdanna vedTallinn Lilleküla Gymnasium
Tallinn English College
Universitetet i Tartu
Estonian Business School
Lawrence University
MorKristi Kallas
FarSiim Kallas
EktefelleArvo Hallik, Taavi Veskimägi, Roomet Leiger

Kaja Kallas (fødd 18. juni 1977 i Tallinn i Estland) er ein estisk advokat, økonom og politikar som frå 26. januar 2021 er statsminister i Estland.[1] Ho har sidan 2018 vore leiar i Det estiske reformpartiet.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Kallas er dotter av den tidlegare statsministeren og nasjonalbanksjefen Siim Kallas og lækjaren Kristi Kallas.

Kallas er utdanna jurist frå Universitetet i Tartu frå 1999. Ho har spesialisert seg på konkurranselovgjeving. Ho har vore advokat og partnar i advokatfirmaa Borenius og Tark & Co., i tillegg til rettleiar ved ein privat handelshøgskule i Tallinn. I 2010 vart ho også MBA-kandidat frå handelshøgskulen.[2]

Kallas er ein klassisk liberalar. Ho vart vald inn i parlamentet, Riigikogu, for Reformpartiet i 2011. I 2014 vart ho vald inn i Europaparlamentet, der ho sat i parlamentet sin komité for industri, forsking og energi. Ho gjorde seg særleg merka for engasjementet sitt for digitalisering. I 2018 gav ho ut ei bok om livet og virket sitt i Brussel i desse åra. I 2018 vart ho vald til leiar i Reformpartiet og forlet Europaparlamentet.[2][3][4] 14. januar 2021 var Kallas beden om å danne ny regjering i Estland etter at statsminister Jüri Ratas trekte seg på grunn av skuldingar om korrupsjon.[5]

Kallas gifta seg i 2018 med forretningsmannen Arvo Hallik.[6] Ho var tidlegare gift med statstenestemannen, parlamentsmedlemmen og finansministeren Taavi Veskimägi.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ERR, ERR, ERR News | (26. januar 2021). «Gallery: Jüri Ratas hands over prime ministerial post to Kaja Kallas». ERR (engelsk). Henta 25. februar 2021. 
  2. 2,0 2,1 «Kaja Kallas’ profil». LinkedIn. Henta 5. mars 2019. 
  3. «8. Wahlperiode | Kaja KALLAS | Abgeordnete | Europäisches Parlament». www.europarl.europa.eu (tysk). Henta 4. mars 2019. 
  4. «Biography | Kaja Kallase Blogi». archive.is. 16. juni 2016. Arkivert frå originalen 2016-06-16. Henta 4. mars 2019.  Både |archive-date= og |arkiv-dato= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp); Både |archive-url= og |arkiv-url= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp)
  5. «Estland får truleg sin første kvinnelege statsminister». Fjordabladet. 14. januar 2021. 
  6. «Galerii: Kaja Kallas abiellus» (estisk). ERR. 15. september 2018. Henta 5. mars 2019. 
  7. «Así es Kaja Kallas, la primera mujer al frente del Gobierno de Estonia: la abogada que toca la batería, hace puzzles con su hijo y juega al golf». Vanity Fair (spansk). 25. januar 2021. Henta 26. januar 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Kaja Kallas