Siim Kallas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Siim Kallas
Kallas Siim.IMG 3350.JPG
Fødd2. oktober 1948 (72 år)
Tallinn
Statsborgar avEstland
PartiEesti Reformierakond
Yrkepolitikar, journalist, diplomat, funksjonær, bankier
Utdanna vedUniversitetet i Tartu
MorRita Kallas
FarUdo Kallas
EktefelleKristi Kallas
BarnKaja Kallas
VervStatsminister i Estland 2002-2003
FøregangarMart Laar
EtterfylgjarJuhan Parts

Siim Kallas (fødd 2. oktober 1948 i Tallinn i Estland) er ein estisk og europeisk liberal politikar og tidlegare statsminister i Estland. Han har sidan mai 2004 vore medlem av EU-kommisjonen, fyrst som kommissær for økonomiske og monetære spørsmål, og frå november 2004 som visepresident og kommissær for administrasjon, revisjon og kamp mot bedrageri.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kallas tok i 1975 eksamen i faga finans og kreditt frå Universitetet i Tartu. Han arbeidde deretter i det sovjetiske finansministeriet for Estland og for sentralforeininga av estiske sparebankar. Han var frå 1972 til 1990 medlem av det sovjetiske kommunistpartiet. Frå slutten av 1980-talet hadde han ei kritisk haldning til den økonomiske avhengnaden til Estland, og han spela ei viktig rolle i frigjeringa frå Sovjetunionen. I 1991 vart Kallas direktør for den estiske sentralbanken, der han leidde valutareforma i landet og la grunnlaget for dei omfattande økonomiske reformene Estland gjekk gjennom.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Siim Kallas saman med George W. Bush.
Foto: US DOS

I 1994 grunnla Siim Kallas det liberale partiet Eesti Reformierakond. Han var frå starten og fram til 2004 leiar av dette partiet. I 1995 vart han fyrste gong innvald i nasjonalforsamlinga Riigikogu. Seinare same år vart han utnemnd til utanriksminister. I åra 1999 til 2002 var Kallas finansminister, og deretter var han statsminister i Estland frå 2002 til 2003.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 2000 vart Siim Kallas tildelt Bundesverdienstkreuz, fortenstordenen til Forbundsrepublikken Tyskland, i 2001 vart han utnemnd til storoffiser i den franske Æreslegionen og i 2003 vart han tildelt den estiske fortenstordenen av andre klasse. Kallas er gjesteprofessor ved Universitetet i Tartu.

Siim Kallas er gift og har to born.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]