Kakebu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kakebu er militær sjargong for vaktarrest, ein straff som vert nytta i det militære overfor menige og befal som har brote militære disiplinærreglar, og som går ut på innesperring i eit arrestlokale ei stuttare tid. Opphavleg var kosthaldet i arresten vatn og brød. Kake har i eldre og dialektisk språk tydinga «brød», til dømes «kak’skiv’» i trøndersk – difor dette namnet på både straffen og arrestlokalet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]