Kaldea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaldea
Wikimedia Commons: Chaldea

Kaldea (assyrisk Kaldu, hebraisk Kasdim) var nemninga på eit område sør i Mesopotamia, men namnet Kaldea kom etter kvart til å verte brukt nesten synonymt med Babylonia. Babylonarane vart styrte av fleire kaldeiske kongar, og difor vert landet på denne tida gjerne omtala som Det kaldeiske riket. Kaldearane var eit semittisk folkeslag som truleg var i nær slekt med aramearane.

Det kaldeiske riket i Babylonia eksisterte frå om lag 900 f.Kr. ved Persiabukta. Dette var utgangspunkt for fleire hundre år med kampar mot andre semittiske folkegrupper i Babylonia. Kaldearfyrsten Marduk-apla-iddina II (Merodak Baladan) fekk etter kvart makta over Babylon (i perioden 721–710 f.Kr.), men måtte vike for assyriske kong Sargon II. I 703 f.Kr. fekk fyrstnemnde makta att, men måtte igjen gje henne frå seg året etter – denne gongen til assyrarkongen Sankerib.

Likevel vart det til slutt kaldearane som gjekk sigrande ut av kampen om herredømme over Babylon. Under Nabopolassar, som regjerte i åra 625–604 f.Kr., vart Det nybabylonske riket («Det kaldeiske dynastiet») grunnlagt, og etter at Ninive hadde vorte erobra, vart også det sørlege Assyria innlemma, i 612 f.Kr. Dette riket hadde stordomstida si under sonen til Nabopolassar, Nebukadnesar II, frå 604–561 f.Kr.

Riket vart styrta av persarkongen Kyros (lat. Cyrus) i 538 f.Kr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]