Kyros den store

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kyros den store

Konge av Persia

Anshan, Media,

Babylon, Sumer og Akkad
Periode559-530 f.Kr
Føddca. 600 f.Kr.
FødestadAnshan (Persia)
Død530 f.Kr.
DødsstadSyr-Darja
MorMandane of Media
FarKambyses I av Anshan
EktefelleKassandane, Amitis Shahbanu, Neithiyti
BarnKambyses II av Persia, Smerdis, Atossa, Roxane, Artystone
FøregangarKambyses I
EtterfølgjarKambyses II

Kyros den store (fødd ca. 600-575 f.Kr., død desember 530 f.Kr.) var ein persisk keisar og erobrar, rekna som grunnleggjaren av Persarriket. Under hans leiing voks riket til det dekte det meste av Sørvest-Asia og mykje av Sentral-Asia, frå Hellespont til Indus, og blei det største riket i verda til då.

Kyros var kjend for militær dugleik og miskunn, mellom anna religiøs toleranse. Han var truleg den første persiske herskaren som høyrde til parsismen. Herskaren høyrde til Akamenide-dynastiet og som konge har han ordenstalet Kyros II av Persia.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Kyros» (gresk Κῦρος) er ein gresk versjon av det persiske Kuruš. Tydinga av namnet er ukjend, det er blitt tolka til 'som ei sol' av forfattarar i antikken, seinare som 'ungdom' eller 'veltalande'. I Iran i dag blir Kyros omtala som Kūrošé Bozorg og Kūrošé Kabīr, der begge tilnamna tyder 'den store'.

I Bibelen blir Kyros kalla «Koresh». Det engelske namnet hans er «Cyrus».

Slekt[endre | endre wikiteksten]

Kyros sine forfedrar i Akamenide-dynastiet hadde i fleire generasjonar herska over kongedømmet Anshan i det som no er det sørvestlege Iran. Kyros hadde to søner, Kambyses II og Smerdis, i tillegg til fleire døtrer. Av desse er Atossa i ettertid sett på som viktig, sidan ho gifta seg med Dareios I og var mor til Xerxes I.

Vegen til trona[endre | endre wikiteksten]

I 559 f.Kr. etterfølgde Kyros faren sin, Kambyses den eldre, som konge av Anshan. Han etterfølgde Arsames på trona i Persia medan denne enno var i live. Arsames var far til Hystaspes og levde lenge nok til å sjå barnebarnet sitt bli kong Dareios I av Persarriket. Men på dette tidspunktet var Kyros II enno ikkje ein uavhengig herskar. Som forgjengarane sine måtte Kyros akseptere mediansk overherredømme. Kyros sjølv var, om vi skal tru Herodotos og Xenophon, delvis persar og delvis medar, og overherren hans var hans eigen bestefar Astyages som hadde erobra alle assyriske kongedømme bortsett frå Babylonia.

I 553 f.Kr. gjorde Kyros og Harpagus opprør mot Astyages, og vann Ecbatana og Media. I 546 f.Kr. hadde Kyros offisielt teke tittelen «konge av Persia». På denne måten fekk persarane kontrollen over det iranske platået.

Erobringar[endre | endre wikiteksten]

Vest-Asia under Kyros.

Krigane til Kyros hadde berre såvidt byrja. Astyages hadde vore i allianse med svigerbroren sin, Krøsus av Lydia, Nabonidus av Babylon og Amasis II av Egypt. Dei skal ha freista å sameine arméane sine mot Kyros og perserane hans. Før alliansen kunne sameinast, hadde Kyros slått Krøsus ved Pterium, okkupert Sardis, kasta det lydiske kongedømmet og teke Krøsus til fange (546 f.Kr.). Ifølgje Herodotus sparte Kyros livet til kong Krøsus og heldt han som rådgjevar resten av livet hans. I 538 nedkjempa Kyros Nabonidus ved Opis og okkuperte Babylon. Ifølgje babylonske inskripsjonar var dette i alle tilfelle ein blodlaus siger. Kyros tok tittelen «konge av Babylon, konge av Sumer og Akad, konge av dei fire sidene av verda». Frå lista over land som var underlagd persisk styre ifølgje det første tavla i Behistun-inskripsjonen til Dareios I, skriven før nye erobringar vart gjort med unntak av Egypt, var områdd til Kyros ha vore det største imperiet verda hadde sett og strekte seg frå Vesleasia og Palestina i vest til Indus-dalen i aust.

Styret til Kyros[endre | endre wikiteksten]

I Kyros-sylinderen uttrykker herskaren respekt for den babylonske kulturen etter å ha hærteke Babylon.

Kyros organiserte imperiet i provinsielle administrasjonar kalla satrapier. Dei blei styrte av satrapar, som hadde betydeleg sjølvstyre frå keisaren. Frå mange delar av riket kravde Kyros ikkje meir enn skatt og soldatar.

Kjelder om Kyros[endre | endre wikiteksten]

Kyros-sylinderen er eitt av få dokument som overlever frå regjeringstida til Kyros. Leirsylinderen med kileskrift var blitt plassert i grunnmuren av Marduk-tempelet i Babylon, og blei funnen i 1879. Han er i dag i Det britiske museet. Teksten på sylinderen fortel korleis Kyros har forbetra livet til babylonarane, tilbakeført fangar til heimlanda sine (t.d. jødane) og gjenreist tempel og heilagdommar. Han rakkar ned på den avsette kong Nabonidus.

Kyros er omtalt fleire stader i Det gamle testamentet.[1]

Den greske historikaren Herodotos fortel fleire legender om Kyros. Ei av dei gjev bakgrunnen for at han og Harpagus reiste seg mot Astyarges: Etter Kyros' fødsel, hadde Astyarges ein draum som vart tolka som eit teikn på at barneborna hans skulle kaste han. Han gav tenaren sin, Harpagus, ordre om å drepe barnet Kyros. Harpagus klarte ikkje å drepe eit nyfødt barn og bytte om babyen med eit dødfødt barn og rapporterte Kyros død. Mange år seinare, då Astyages oppdaga at sonesonen hans enno levde, gav han ordre om at son til Harpagus skulle halshoggast, og at Harpagus skulle få hovudet servert på ein middagstallerken. Harpagus søkte hemn og overtydde Kyros til å samle det persiske folket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


  • Boyce, Mary. «Achaemenid Religion». Encyclopaedia Iranica. vol. 2. Routledge & Kegan Paul. ; "The Religion of Cyrus the Great" in A. Kuhrt and H. Sancisi-Weerdenburg, eds., Achaemenid History III. Method and Theory, Leiden, 1988.
  • Schmitt, Rüdiger; Shahbazi, A. Shapur; Dandamayev, Muhammad A.; Zournatzi, Antigoni. «Cyrus». Encyclopaedia Iranica 6. ISBN 0939214784. 
Fotnotar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kyros den store
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.