Atmosfære

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om gasslaget kring ein planet. For måleininga, sjå standardatmosfære.
Jordatmosfæren gjer at himmelen ser blå ut om dagen og raud når sola står i horisonten. (Foto: Bernhard Witz)

Atmosfære er det generelle namnet på eit lag med gass som kan ligge rundt ein lekam med stor nok masse. Gassane er tiltrekt av tyngdekrafta til lekamen, og halde fast viss tyngdekrafta er stor nok og atmosfæretemperaturen er låg. Nokre planetar består hovudsakleg av diverse gassar, og har dermed svært djupe atmosfærar (sjå gasskjempe).

Jorda, Venus, Mars, Pluto og to av månane til dei ytre planetane (saturnmånen Titan og neptunmånen Triton) har atmosfærar. I tillegg er kjempeplanetane i det ytre solsystemet (Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun) hovudsakleg samansett av gassar. Andre lekamar i solsystemet har ekstremt tynne atmosfærar: Månen (natriumgass), Merkur (natriumgass), jupitermånen Europa (oksygen) og jupitermånen Io (svovel).

Jordatmosfæren er ein særskild atmosfære fordi han inneheld gassar skapt av livet på jorda; samstundes gjer han det mogleg for liv å vera til her.

Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.